Sesongstart i ettermiddag:

Nye tider for herrehandballen på Stord

Danske Morten Moldrup er trenaren som igjen skal løfta stordhandballen.

AV Eirik Strømme Spjeld
Publisert

– Det er nye tider no. Det første me jobbar med er å få styr på det treningsmessige og å få på plass ein skikkeleg kultur, seier Stord sin nye trenar, like før årets 2.-divisjonssesong vert kasta i gang med dobbel bortekamp på Austlandet. – Eg brenn for å utvikla lag og organisasjonar, så dette prosjektet på Stord no tykkjer eg er utruleg spennande, tilføyer han raskt, før han omtaler seg sjølv som ein lagromantikar.

27-åringen som no kjem opp frå Aarhus i Danmark, har mykje på hjarta når det gjeld både bygging av lag og klubb.

Framtidshåp

Lagbyggjar

– Ein berekraftig måte å driva lagsport på er, saman med eit sunt fritidsliv, essensielt i eit lokalsamfunn som Stord. Det er så viktig å ha ein klubb som fungerer for alle dei unge i samfunnet. Ein må også finna ein balanse der det ikkje blir for mykje elitefokus og uoppnåeleg, men samstundes ikkje for useriøst. Det må vera slik at generasjonane som veks opp i dag kan føla seg stimulerte, forklarer Moldrup med stort engasjement.

Medan ein del handballinteresserte sunnhordlendingar tørstar etter ein rask retur til topphandballen, manar dansken til eit visst måtehald i den samanheng.

– Eg har førebels ikkje tenkt så mykje på posisjon på tabellen i år, for det er ingen vits å sjå på tabellen før ein del grunnleggjande ting er på plass i botnen. Det er dei tinga me no jobbar med å få på plass, men i eit tre- til femårsperspektiv er likevel målsetjinga at me skal ha løfta oss i divisjonssystemet, seier han.

Veteran

Fokuserer på dei unge

– Me har mange unge og talentfulle spelarar. Det som er viktig no er utviklinga deira og å få det grunnleggjande på plass, på sikt er det nok likevel nøydd til å verta noko import om me skal rykkja opp. Den dagen det vert aktuelt så skal dei me hentar vera folk som passar inn i kulturen og profil-en vår.

Moldrup fortel elles at det har vore ei svært god oppkøyring for laget, men at dei fekk sin første nasestyvar i cupoppgjeret borte mot 3.-divisjons-laget BI i august. Det enda i tomålstap, 24–22.

– Me hadde nok eigentleg ei forventning om at me var komne lenger enn det me er. Me hadde ein svært fin treningsleir i Danmark i sommar, i tillegg til gode treningskampar. Når ein då får ei slik realisering av ting midt i ein kamp, kan det vera vanskeleg å snu det der og då. BI hadde nokre svært gode spelarar som har spelt på høgare nivå, og eg vil ikkje seia eg er bekymra av det resultatet. Eg håpar likevel at den opplevinga ikkje vert ei for stor mental forstyrring for spelarane, at dei byrjar å tvila på ting, analyserer den nye trenaren.

Nøkkelspelar

– Det var nesten eventyrtilstandar fram til då om ein tenkjer på stemninga i laget. Me rei på ei bølgje, og den kampen var første gongen me fekk ein lusing, legg han til, før han omtalar årets lag som jamt, utan ein utprega einar som kjem til å scora ti mål i kvar kamp.

Spent på serieopninga

I helga ventar det bortekamp-ar på Austlandet i det som vert Moldrup sine første seriekampar som Stord-trenar. Først ut er Tjølling på laurdag, før Nøtterøy 2 står på motsett halvdel søndag.

– Det vert kjekt å komma i gang. Tjølling vart nummer to i si avdeling i fjor, medan det er meir usikkert kva Nøtterøy stiller med ettersom dei er eit rekruttlag. Det vert utvilsamt spennande å sjå kor me står, konstaterer Moldrup, som poengterer at alle som vil er velkomne til å preika både handball og andre ting med han.

Saken fortsetter under annonsen.

Frå liten til stor til liten ball igjen

– Det vil eg gjerne seia til både folk som har vore med i og rundt klubben tidlegare, men òg andre. Kom gjerne innom hallen og ta ein prat med meg eller med spelarane, snakk med oss om prosjektet og kva me skal få til no. Eg elskar å snakka om både handball og lag- og organisasjonsbygging, men me kan også snakka om Stord generelt dersom nokon vil det, inviterer ein optimistisk Morten Moldrup før den nye handballsesongen går i gang.

Skimmeland tilbake

Venstreving Petter Skimmeland er no tilbake i Stord etter lærarstudiar i Bergen, og saman med Mathias Meløy Nilsen og Vegard Hareide utgjer dei tre dei «nye» ansikta i Stord-stallen før denne sesongen. Skimmeland har funne seg godt til rette i ei spelargruppe som ser veldig annleis ut samanlikna med den han forlét sommaren 2014, og no ser han fram mot å komma i gang med sesongen.

– Det er ei veldig fin gruppe no. Mykje unge spelarar, nokre litt eldre og rutinerte, også har du nokre i mellomsjiktet som meg sjølv og Mathias Meløy Nilsen. Det har jo skjedd mykje i klubben både når det gjeld administrasjon og på spelarsida, men eg er positiv og tykkjer verdiane klubben skal byggjast opp igjen på er veldig gode, seier Skimmeland.

Kunnskapsrik

– Me vil vera Stord, ikkje eit kjøpelag. Det skal vera ein klubb og eit lag der lokale spelarar skal vera fundamentet, og spelarutvikling skal ha eit større fokus enn tidlegare, då kanskje herrelaget og laga elles har vore litt skilde, utdjupar han.

Tek kamp for kamp

Sjølv om Stord no har staka ut ein ny og meir edrueleg kurs, har spelarane framleis eit stort ynskje om å hevda seg sportsleg. Det gjeld sjølvsagt også denne sesongen.

– Me vil sjølvsagt prestera på eit så høgt nivå som mogeleg. Eg vil og skal vinna kampar, og det vil dei andre i gruppa òg. Realiteten er likevel at per dags dato kan me prestera svært godt på vårt beste, men botnnivået må hevast. Me er eit lag i utvikling, som eg er heilt sikker på kan verta veldig gode på sikt. Det vert nok ikkje opprykk i år, og det er heller ikkje målet. Me har likevel ein ambisjon om at alle kampar skal vinnast, men me tek kamp for kamp og ser kor langt det rekk, seier Skimmeland, som understrekar at han meiner klubben verkeleg er på veg i rett retning no.

Heimkomen

24-åringen, som no jobbar ved Stord ungdomsskule, tykkjer også Stord har gjort ein solid jobb med å knyta til seg Morten Moldrup som trenar.

– Han er ung, spennande og har mykje inspirasjon med seg. Han er seriøs og verkar å passa godt inn i modellen som Stord Handball no ser for seg å satsa på. Handballfagleg er han dyktig og har mykje å bidra med, og viktigast av alt er han ein veldig fin fyr å forholda seg til. Saman med Rune Skjærvold utgjer dei to eit solid trenarteam, som utfyller kvarandre godt, sluttar Petter Skimmeland, som ser fram til å vera ein del av eit nytt Stord-prosjekt.

Dette er Morten Moldrup sin første hovudtrenarjobb. Dei siste seks åra har han kombinert spelar- og trenarkarriere i Danmark.

NB! Sunnhordland.no viser opningskampen mot Nøtterøy 2 klokka 16.00 i ettermiddag.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut