TalentSport
Stortalent frå Stord:

Signerte proffkontrakt med FKH

Jonas Skjerven Valland (15) har signert proffkontrakt med FK Haugesund.

AV Magne Kydland
Publisert
Oppdatert:

Torsdag blei ein merkedag. Ikkje berre for FK Haugesund, som tok ein av sine aller finaste sigrar ved å slå austerrikske SK Sturm Graz med 2–0 på Haugesund stadion på kvelden, men også for 15 år gamle Jonas Skjerven Valland som skreiv proffkontrakt med FK Haugesund tidlegare på dagen.

Det melder FK Haugesund på sine nettsider.

15-åringen fekk applaus frå dei 3.500 på tribunen då han vart presentert i pausen.

Les også: Fekk skryt av landslagskeeperen

Tidlegare i sommar skreiv også den unge bømlingen André Hovland Lønning kontrakt med FKH, saman med Asbjørn Engenes, Benjamin Bygnes, og Andreas Endresen

– Som dei fire andre spelarane er Jonas Skjerven Valland rekna som eitt av landets aller største talent og representerte nyleg det norske G15-landslaget i ei turnering i Austerrike. Han er også nok eit produkt av det gode arbeidet som blir drive i fotballavdelinga i Stord IL, melder fkh.no

Les også: Lokale spelarar blant dei største talenta i landet

Dagleg leiar i FK Haugesund, Eirik Opedal, hadde dobbel grunn til å vera nøgd torsdag. Først signaturen til nok eit lokalt fotballtalent, så sigeren i Europa League-kvalifiseringa.

– Å signere proffkontrakt er sjølvsagt ein stor milepåle både for Jonas og for oss, men det bør sitja mange på Stord og gje seg sjølv ein klapp på skuldra også. Det blir drive utruleg bra ute i klubbene i regionen som legg til rette for at talenta får høve til å blomstre i eit godt utviklingsmiljø og utvikle seg til å bli blant landets aller beste spelarar i sine årsklasser. Både Benjamin, André, Asbjørn, Andreas og Jonas er alle gode døme på det, seier Opedal til fkh.no.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut