Skimtar medaljeSport
Ny siger mot Voss:

Siktar seg inn mot bronsemedalje

Voss vart ingen målstokk for sigersvante Stord-kvinner som no går for medalje.

AV Jarle Kaldråstøyl
Publisert
Oppdatert:

– Me ligg komfortabelt plassert på tabellen. I dag gjennomfører me ei ny god kamp, oppsummerer Stord-trenar, Øyvind Mellemstrand. Trass i at laget på ein måte ligg i eit tabellvakuum har han ingen problem med å motivera sitt unge mannskap.

– Nei. Rett nok har me alt nådd vår første målsetjing for sesongen, men no skal me jobba hardt for å vera i posisjon til å snappa bronseplassen frå Fyllingen som me møter i siste serierunden. Det kan me få til om me spelar korta våre rett i dei siste kampane der me mellom andre skal møta Haugar som ligg på plassen føre oss, seier Mellemstrand. På Prestegardsmoen på Voss såg han laget sitt dominera i begge omgangane.

Les også: Dale Lekven sikra poeng

– Me produserer enormt med målsjansar og burde normalt ha drege i land ein klarare siger, men Voss er eit gjerrig lag som tradisjonelt slepp på seg få baklengsmål. Me har god kontroll kampen igjennom. Om vossingane er dyktige bakover på banen så skapar dei lite framover. Denne gongen hadde dei knapt ein målsjanse, seier ein nøgd trenar Øyvind Mellemstrand

Kampfakta

Kampfakta

VOSS-STORD 0–2 (0–2)

Prestegardsmoen laurdag seriekamp fotball kvinner 2. divisjon avd. 04

 

9. min. 0-1, Synne Eide Bjørnebøle

23. min. 0-2, Nina Vestbøstad

 

Stord: Emma Jønsson, Ida F. Wåge, Marie K. Lindgård, Kristine Lygre, Thea Notland, Nina Vestbøstad, Martine T. Mellemstrand, Ida Holm Neset, Synne Eide Bjørnebøle, Sanne B. Dale Lekven, Hannah Stenersen.

Innb. Johanna Litlabø Eikenes, Guro Hinderaker Pedersen, Vilde Folgerø.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut