Snubla i kampavslutningaSport

Skadar og tap i seriepremiera

To skadar i innspurten bidrog sterkt til at Stord-herrane gjekk på eit tap i seriepremiera i Nøtterøyhallen laurdag ettermiddag.

AV Jarle Kaldråstøyl
Publisert
Oppdatert:

Trass i firemålstapet for Nøtterøy sine nest best var Morten Moldrup rimeleg bra nøgd med det han fekk oppleva i sin debut på Stord sin trenarbenk.

– Me har utan tvil løfta oss fleire hakk lagmessig. Det gjeld både i førebuingsfasen og i sjølve kampen. Faktisk var me fullt på høgd med heimeaktørane i største delen av kampen. 20 minutt ut i sluttomgangen stod det 22–22. Men då starta også problema for oss. Både Mathias M. Nilsen som så langt hadde vore sentrale aktørar måtte då ut med skade. Det tvinga fram rokeringar som skapte uvisse og ein del uorden i våre rekkjer. Dette utnytta Nøtterøy 2 til å sikra seg poenga. Men for all del kampen viste at me er på gang og me vil komma sterkt tilbake, sluttar dansken.

I morgon reiser Stord til møtet med Tjølling.

Kampfakta

NØTTERØY 2-STORD 29–25 (12–11)

Nøtterøyhallen laurdag

Seriekamp handball menn 2. divisjon avd. 03

Stord: Vegard Hareide 3, Petter Skimmeland Hovland 7, Mathias Meløy Nilsen 3, Lars Erik Eide 1, Tobias Brandvik, Jørgen Lunde Flotve, Hans Kristian Kjellsen 1, Jon Vatna Tømmervik 1, Sondre H. Kjelsnes, Jonas Sørheim, William J.H. Sætre 9, Fredrik T. Loftheim.

Dommarar: Vidar Halvorsen og Terje Rønning.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut