Ny ishallSport
Håpar på oppstart neste år:

Slik blir ishallen på Vikahaugane

Skeiser, ishockey og bandy om vinteren. Fotball og rulleskeiser om sommaren.

AV Kjetil Østrem
Publisert
Oppdatert:

– Ein ny ishall på Vikahaugane blir eit regionanlegg som me får all grunn til å vera stolte av, seier leiar Roy Sverre Amundsen i Stord idrettslag.

Heilårsbruk

Idrettslaget, skeisegruppa og Stord kommune har gjennomført ein forstudie, med mål om å få bygt ishall over eksisterande skeisebane på Vikahaugane. Arbeidet starta så tidleg som i 2008-09, men prosjektgruppa har jobba spesielt aktivt det siste året. Forstudien viser at ishallen vil gje skeisebanen fast sesong på fem månader, mellom 1. november og til utgangen av mars. Sesongen vil framleis vera noko avhengig av temperaturar utandørs, men vil vera skjerma frå regn og vind, som ofte fører til issmelting og høgt straumforbruk. Brukarar vil heller ikkje vera avhengige av sol og fint vêr for å kunna ta i bruk isen, og tilbodet vil vera tilgjengeleg i heile vintersesongen.

I vintersesongen kan hallen ha isdekke, som legg til rette for skeiser, både langdistanse og hurtigløp, curling, ishockey og leik på isen.

– Hockey og bandy har vore vanskeleg til no, grunna klimatiske tilhøve, med vatn på isen. Tilrettelegging for desse to idrettane krev bruk av flyttbare vant, forklarar Amundsen.

Rulleskeiser

Utanfor issesongen kan hallen leggjast til rette for annan type bruk. Banen kan bli den einaste i Noreg med spesialdekke for rulleskeiser, og éin av få slike innandørsbanar i Europa. Skeisegruppa har vore i dialog med skeiselandslaget, som er interesserte i kunna nytta ein slik bane til trening utanom vintersesongen.

På sommaren kan det spelast fotball på kunstgraset inne i hallen, tilrettelagt for dei yngste årsklassane.

– Handballfestivalen vil også kunna ha nytte av å auka banekapasiteten til å fordela kampar, påpeikar Amundsen.

Hallen kan også nyttast til større arrangement som konsertar, messer og utstillingar, utanfor issesongen.

Spelemidlar

Estimert kostnad på ishallen er 50 millionar kroner, inkludert moms.

Saken fortsetter under annonsen.

– Hallen skal finansierast gjennom spelemidlar, ekstra satsingsmidlar frå skeiseforbundet, fylkeskommunalt investeringstilskot og eit kommunalt lån. Sistnemnde ligg førebels inne i finansieringsforslaget med 15,5 millionar kroner. Samstundes jobbar me med å få inn andre investorar i prosjektet, som kan bidra til å få redusert det kommunale bidraget, seier Amundsen.

Kapitalkostnader blir i Stord kommune rekna til 50.000 kroner per million som bli investert. Det utgjer ein årleg kostnad på 775.000 kroner.

Risikerer å måtta betala tilbake fire millionar kroner i spelemidlar

Inntekter

Men ishallen medfører ikkje berre utgifter. Amundsen peikar også på inntekter, blant anna gjennom energisal.

– Energisal frå kjøleanlegget kan med optimal drift levera energi til om lag 900.000 kroner årleg, og desse inntektene kan nyttast til å dekkja inn ein del av ishalldrifta, seier idrettsleiaren.

I 2017/18-sesongen hadde skeisegruppa i tillegg ei billettinntekt på 200.000 kroner. Dette var ein særleg god sesong, med mykje fint vêr. Skeisegruppa har teke 30 kroner per person i inngangbillett til isflata. Skular og barnehagar har ikkje betalt for å nytta isen på dagtid.

Tilbakebetaling

I vår bestemte kommunestyret i Stord å ikkje løyva pengar til vidare drift av skeisebanen kommande sesong, dryge 1,1 millionar kroner. Det gjer at Stord kommune står i fare for å måtta betala tilbake rundt fire millionar kroner i spelemidlar. I tillegg vil ikkje fjernvarmeanlegget få energi frå kjølekompressorane, og må finna ei ny energikjelde, truleg ved bruk av naturgass.

– Om skeisebanen ikkje kjem i drift no til hausten, vil det krevja endå meir å få han i gang igjen. Difor vil me gjera alt me kan for å halda drifta i gang, og har etablert eit AS som skal sjå på den saken, seier Roy Sverre Amundsen.

Prosjektgruppa legg også vekt på folkehelsepotensialet som ein ishall vil gje, både for Stord kommune og innbyggjarane i regionen. I Oslo kommune sin prosjektgjennomføringsmodell blir ein brukartime verdsett til 200 kroner per time. Skeisebanen på Vikahaugane hadde i sesongen 2017/18 om lag 30.000 brukartimar.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut