PoengdelingSport

Surt poengtap i saftbygda

– I nest siste speleminuttet følte me oss snytt for eit straffespark. Deretter gjekk sogndølane i angrep og fekk krangla inn utlikningsmålet. Surt, sa Stord sin assistenttrenar, Jon Andre Røyrane.

AV Jarle Kaldråstøyl
Publisert
Oppdatert:

I Jon Pall Palmason sitt fråvære var det Røyrane som denne gongen regjerte på trenarbenken.

– Udramatisk. Det har lenge vore avtalt at Palmason skulle vera på Island veka før denne kampen, opplyser Røyrane. Han var godt nøgd med prestasjonen laget leverte på Fosshaugane Campus.

– Me gjennomførte ein god kamp og burde faktisk ha fått med oss alle tre poenga. I sluttminuttane fyrte Simen Grov av eit skot frå distanse. Ballen vart stoppa av handa til ein heimeforsvarar. I plassen for straffespark vart det blåst for hjørnespark som det ikkje vart noko av. Sogndal gjekk direkte i angrep og fekk til slutt krangla inn utlikningsmålet. Surt, seier Røyrane som framhevar laginnsatsen.

– Mellom enkeltspelarane kjem me ikkje utanom ung Sander Landa Vik som skåra begge måla våre, sluttar Røyrane.

Går breitt ut i trenarsaka

Jon Pall Palmason har gjort det klart at han ikkje går på ein ny sesong på Vikahaugane. Leiar i Stord Fotball, Skjalg Myklebust, opplyser at klubben alt er i gang med å blinka ut kandidatar.

– I utgangspunktet går me breitt ut for å kartleggja.

– Vil det seia at det helst søkjer kandidatar som i dag ikkje er i klubben?

– Me har vel ikkje sett noko grense. Når det er sagt så går me ikkje til Aust-Europa for å seia det på den måten. Viktig for oss er å finna ein kvalifisert person som kan jobba både med A-laget og talentskulen. Dette er elles ein prosess som sportsleg leiar, Trond Lekve vil jobba mest med framover.

Interesse for Stord-jobben

– Trass i at det berre er ei vekes tid sidan Palmason gjorde kjent at han ikkje tek ein ny sesong på Vikahaugane så har det meldt seg kandidatar som er interesserte i jobben, opplyser Lekve. Han vil bruka tid for å finna den rette.

Skadar og tap i seriepremiera

– Me er ute etter ein trenar som brenn for å utvikla unge, lokale spelarar og elles ha ein fotballfilosofi som passar klubben. Målsetjinga i første omgang er å etablera oss i toppen av 3. divisjon. For å ta steget opp treng me å betra ikkje berre sportsleg, men også som organisasjon og ikkje minst økonomisk. Til det treng me tid, seier Lekve som også har ambisjonar om å styrkja spelarstallen for neste sesong.

– Helst vil me konsentrera oss om spelarar med lokal tilknyting. Det betyr ikkje nødvendigvis spelarar som er i lokalfotballen i dag, poengterer Lekve. Han har ikkje gjeve opp å få med Viktor Segatta også kommande sesong.

– Me er i dialog og jobbar med saka. Utover det kan eg ikkje seia noko, sluttar Trond Lekve.

Kampfakta

SOGNDAL 2-STORD 2–2 (1–1)

Fosshaugane Campus, laurdag Seriekamp fotball menn 3. divisjon avd. 04

31. min. 0-1, Sander Landa Vik
45. min. 1-1, Erlend Hanssen Grov
52. min. 1-2, Sander Landa Vik
90. min. 2-2, Akov Jerome Adams

Stord: Ruben A. Aksnes, Magnus Skulstad, Emil Johnsen, Håvard Handeland, Johannes Kyvik Skard, Simen Hanssen Grov, Ole Kallevåg, Jan Arne Vassnes (Torstein H. Hildal 4), Sander Landa Vik, Jonas Stoknes, Viktor S. Segatta.

Dommar: Jakob S. Søgnen, Gaular.

Gule kort: Kasper Bordvik og Jonas T. Fredriksen (Sogndal 2). Jonas Hilt Stoknes (Stord).

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut